ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025

Fire skal vere skadde i israelsk angrep mot Gaza

0
NRK.no 

Israel gjennomførte søndag eit luftangrep mot Gaza, trass våpenkvila som er inngått med Hamas. Det stadfestar den israelske hæren, IDF.

Fire skal vere skadde i angrepet, skriv Reuters, som har snakka med helsearbeidarar i Gaza.

Ein video delt på sosiale medium skal vise eksplosjonen i nærleiken av Nuseirat-leiren.

IDF skriv på Telegram at målet for angrepet var eit køyretøy som braut rammene for våpenkvileavtalen.

Ein del av avtalen er at køyretøy berre får bevege seg til Nord-Gaza via kontrollpunkt på kystvegen Salah al-Din.

Bilen som blei angripen skal ha køyrd på Rashid-vegen, skriv The Israel Times. Vegen er ifølge våpenkvilerammene berre for fotgjengarar.

Helsearbeidarane meldte først at ein ung gut blei drepen i angrepet, men korrigerte seinare dette til Reuters, og sa dei hadde greidd å gjenopplive guten.

IDF skal undersøke rapportane om skadde, skriv avisa Haaretz.