Politiaksjon ved den russiske ambassaden i Stockholm
0
Ein man er gripen utanfor den russiske ambassaden i Stockholm, melder SVT.
Han er mistenkt for å ha forsøkt å ta seg ulovleg inn i ambassaden ved å køyrt inn i porten til ambassaden.
– Det er ein mann i 45-årsalderen. Han var framleis i bilen og blei ganske enkelt gripen, seier pressetalsperson Daniel Wikdahl i Stockholmspolitiet.
Han seier mannen ikkje klarte å ta seg inn, og at dei ikkje veit kva motivet for dette er.