«Eowyn» herjar i Irland og Skottland
0
Over 560.000 husstandar i Irland er utan straum på grunn av stormen «Eowyn», melder BBC.
Det har aldri blitt målt så sterk vind i Irland, og folk blir bedne om å halde seg heime.
I Skottland og Nord-Irland er nesten alle avgangane frå flyplassane i Edinburgh, Glasgow og Belfast innstilte.