Lege tiltalt for grovt skattesvik
0
Ei kvinne i 60-åra er tiltalt for aktlaust grovt skattesvik ved å ha unndrege skatt på til saman 3,2 millionar kroner over fem år, skriv Økokrim i ei pressemelding.
Kvinna dreiv næringsverksemd som lege, medan ho på same tid var eigar av og styreleiar i to selskap.
Økokrim meiner kvinna gjennom desse føretaka fekk betalt ut utbytte ho ikkje melde til skattlegging.