Vedum rikkar seg ikkje
0
Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje bøye av i striden om energipakken til EU.
– Vi meiner det er feil å innføre den pakken, seier han til VG.
Torsdag var det hastemøte i både Arbeidarpartiet og Senterpartiet om straumstriden, som kan føre til at Senterpartiet går ut av regjeringa.
– Vi må sette oss ned med Arbeidarpartiet. Vi kjem til å møtast til veka, og så er det klart kva vi meiner i denne saka, seier Vedum til avisa.