Dom mot rumenarar er rettskraftig
0
Sommaren 2024 blei to rumenarar dømde for å ha svindla over 400 nordmenn frå Romania.
Den eine mannen anka dommen, men no har lagmannsretten forkasta anken, og dommen er med det rettskraftig, melder Økokrim i ei pressemelding.
Totalt blei 423 nordmenn svindla. Gjerningspersonane er dømde til 3,5 år og 4,5 år i fengsel for grove bedrageri og ID-tjuveri.
– Dommen viser at det er mogeleg å avsløre gjerningspersonar i store svindelsaker, uansett kva land dei opererer frå. Dommen sender eit viktig signal til kriminelle grupper om at det er ein stadig aukande risiko for å bli teken, og at straffene er strenge, seier konstituert statsadvokat Jon Andre Hvoslef-Eide i Økokrim.