Skal sleppe fri 737 fangar i første fase
0
Israel seier dei vil lauslate 737 palestinske fangar i første fase av våpenkvileavtalen. Det melder AFP.
Våpenkvila trer i kraft søndag klokka 12.15 lokal tid.
Den første fasen av avtalen varer i 42 dagar. I denne perioden skal 33 israelske gislar setjast fri.