Bloomberg: Kinesiske hackarar fekk tilgang til Yellen sin PC
0
Kinesiske hackarar fekk tilgang til USAs finansminister Janet Yellen sin PC under eit datainnbrot. Det melder Bloomberg, som siterer to kjelder som er kjende med saka.
Hackarane skal ha fått tilgang til ugraderte filer på pc-en hennar.
USAs finansdepartement blei hacka i desember.
Kina har avvist at dei stod bak hackinga.