Innbrot på Nordmøre: Mistenker at rømd fange står bak
0
Politiet har rykt ut til eit innbrot i eit hus på Gule i Møre og Romsdal med patruljar seint laurdag kveld.
Ein fange har vore på rømmen frå Hustad fengsel sidan julaftan.
Politiet mistenker at det kan vere den aktuelle fangen som har brote seg inn.
– Politiet fekk melding om at nokon har tatt seg inn i eit tomt hus på Bud. Vedkommande forlét adressa da bebuarar kom heim. Politipatruljar er i området for å søke etter vedkommande, skriv operasjonsleiar Jørgen Molnes i politiloggen.
Politiet ber folk som bur i området Gule om å halde utkik etter den rømde fangen.