Nessa Nordtun (Ap) til TV 2: – Ikkje leiarkandidat
0
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) er ikkje klar for oppgåva som partileiar, seier ho til TV 2.
Arbeidarpartiet har låge tal på meiningsmålingane. Midt i desember låg partiet på 16,8 prosent. Debatten om kven som skal leie partiet, er i gang.
Sentrale Ap-politikarar vil skifte ut Jonas Gahr Støre som leiar, men Nessa Nordtun seier det er demokratiet i Ap som skal ta avgjerda i leiarspørsmålet på landsmøtet i mars.
Fleire har trekt fram Tonje Brenna som ein arvtakar, men også Nordtun er peika på som eit stjerneskot i partiet. Men det meiner ho sjølv ikkje er aktuelt.
– Det ser eg ikkje som ei aktuell problemstilling i det heile tatt. Så eg er ikkje klar til å ta på meg nokon slik oppgåve, det er eg ikkje, seier ho til kanalen.