ru24.pro
World News in Norwegian
Декабрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
29
30
31

Sløste med sjansane – opp på andreplass

0

Martin Ødegaard og Arsenal vann 1–0 heime mot Ipswich fredag kveld.

– Ingen kioskveltar av ein kamp, sa Pål André Helland i Viaplay sitt studio etter kampslutt.

Kai Havertz fann nettmaskene midt i første omgang med ei avslutning frå kort hald – etter ei målgjevande pasning frå Leandro Trossard.

Arsenal dominerte kampen stort sett frå start til mål, men utteljinga var ikkje spesielt god denne romjulskvelden.

Ifølgje BBC hadde Arsenal 13 avslutningar, medan Ipswich noterte seg for tre.

Lagkaptein Martin Ødegaard kom til fleire gode moglegheiter frå distanse, men klarte aldri å lure ballen forbi Ipswich-keeper Arijanet Muric.Ødegaard vrei seg i smertar eit par gongar etter tøffe duellar. Han kom seg på føtene igjen relativt kjapt ved begge høva.

Arsenal er no nummer to i Premier League, seks poeng bak Liverpool. Ligaleiarane har éin kamp til gode.