Svenske medium: Nytt kabelbrot i Austersjøen
0
Det har skjedd eit nytt kabelbrot på ei internettlinja mellom Sverige og Finland, ifølge opplysningar til Sveriges Radio. Det skriv Aftonbladet.
Kabelbrotet vart oppdaga i natt og skal ha skjedd på land i Finland, skriv SVT.
Ifølge Ekot mistenker politiet eit lovbrot og svenske styresmakter er informert.
– Me veit at det har vore eit kabelbrot og me fekk informasjonen seint i går kveld, seier Christina Jarnlid, pressevakt i Myndigheten för samhällsskydd och beredskap (MSB) til Aftonbladet.
Post- och telestyrelsen (PST) seier til Dagens nyheter at det er oppdaga to skader på kabelleidningen.