Netanyahu trur forholda ligg betre til rette for gisselavtale
0
Israels statsminister Benjamin Netanyahu trur forholda ligg betre til rette for å nå ein avtale om lauslating av dei israelske gislane som Hamas held på Gazastripa.
Under eit intervju med den israelske kringkastaren Channel 14 torsdag, fekk Netanyahu spørsmål om moglegheita for å få på plass ein gisselavtale.
– Eg trur forholda heilt klart er endra til det betre, svarte han utan å gje fleire detaljar.