ru24.pro
World News in Norwegian
Ноябрь
2024

Minst 17 palestinarar skal vere drepne i israelske angrep

0
NRK.no 

Israelske angrep skal ha drepe minst 17 palestinarar på Gazastripa torsdag, ifølge helsepersonell, melder Reuters.

Seks menneske blei drepne i to luftangrep mot hus nær Kamal Adwan-sjukehuset i Nord-Gaza. Fire andre blei drepne i eit angrep i Khan Younis i sør.

I tillegg blei minst sju drepne i fleire luftangrep nær flyktningleiren Nuseirat, ifølge dei palestinske helsestyresmaktene.

Israel har så langt ikkje kommentert opplysningane som kjem frå Gaza.