Tidlegare kadettar ved Sjøkrigsskulen krev erstatning
0
45 tidlegare kadettar i 2018- og 2019-kulla ved ingeniørutdanningane på Sjøkrigsskulen har saksøkt staten, og krev erstatning, skriv Teknisk Ukeblad.
Grunnen er at utdanninga blei utvida med eit halvår, og det gjorde at kadettane ikkje fekk godkjent bachelor i ingeniørfag.
Staten har tilbode saksøkarane 50.000 kroner og at plikttenesta blir redusert, men det har kadettane avvist.
Partane er no i mekling, men dersom dei ikkje blir einige, skal saka opp for Hordaland tingrett i mai.