ru24.pro
World News in Norwegian
Ноябрь
2024

Berge Gerdt Larsen får millionerstatning

0
NRK.no 

Forretningsmannen Berge Gerdt Larsen får 17,3 millionar kroner i erstatning, oppreisning og sakskostnader etter at Høgsterett har sett punktum på eit 22 år langt rettsmaraton.

Saka starta då Larsen blei granska av skattemyndigheitene i 2002. I 2005 oppretta politiet ei etterforsking for mistanke om skattesvik og utruskap.

I 2006 gjekk skattevesenet til aksjon mot Larsen sine kontor, og seinare blei han tiltalt for å ha tappa sitt eige selskap, Larsen Oil & Gas, for 20,5 millionar kroner.

Larsen blei i 2013 dømt i tingretten for skattesvik og økonomisk utruskap og fekk fem års fengsel, men anka dommen.

I 2016 blei han frifunnen av lagmannsretten. Han saksøkte seinare staten for 900 millionar, og saka gjekk i Oslo tingrett i 2020.

Larsen fekk tilkjent erstatning av Borgarting lagmannsrett i juni i år, men staten anka.

Høgsterett har avslått å behandle anka, slik at lagmannsrettens dom blir ståande. Det melder Elden advokatfirma i ei pressemelding, som rett24 var først ute med å melde.