Horneland er usikker på om han held fram som Brann-trenar
0
Brann-trenar Eirik Horneland (49) seier til Bergensavisen at han ikkje veit om han har energien som trengst for å trene Brann i 2025.
Dette har han, ifølge avisa, gitt leiinga i klubben beskjed om. Han seier han er nøydd til å tenke på seg sjølv.
VG skriv dei er kjent med at det har vore stor interesse for Horneland frå andre klubbar i lang tid, og at det framleis er det.
Horneland har tidlegare vore open om at han gjekk tom for energi då han var Haugesund-trenar i 2015, og då han var i Rosenborg i 2020. Begge gongane slutta han i jobben.
– Eg har ikkje konkludert rundt nokon ting, men eg trur det er viktig for meg å vere ærleg på at det har vore eit krevjande år. Fordi ein har hatt mykje suksess, så er det krevjande, seier Horneland til VG.