FN: Minst 150 drepne i den haitiske hovudstaden
0
På fire dagar sist veke flykta fleire enn 20.000 menneske frå heimane sine i hovudstaden Port-au-Prince.
No melder FN at minst 150 personar har døydd på ei veke. Talet på døde så langt i år har overskride 4500.
– Gjengvalden må stoppe med ein gong. Ein kan ikkje tillate at Haiti søkk lenger ned i kaoset, seier FNs menneskerettssjef Volker Turk i ei utsegn.