Talet på drepne i Syria stig
0
Elleve krigarar frå iranskstøtta milits er drepne i eit israelsk angrep i Palmyra i Syria, ifølge eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).
Ifølge syriske styresmakter er talet på drepne 36 menneske, melder AFP. Men dette talet er ikkje stadfesta av andre kjelder.
Sju av dei drepne var syrarar, medan fire hadde ein annan nasjonalitet, ifølge SOHR.
Ifølge det statlege nyheitsbyrået Sana var angrepa retta mot bustadbygg og industriområde.
Israel har ikkje stadfesta at dei står bak, men dei har sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011 gjennomført fleire luftangrep, i hovudsak retta mot militære stillingar og iransk-støtta krigarar, som Hizbollah.