ru24.pro
World News in Norwegian
Ноябрь
2024

Fleire tusen mister jobben hos Ford i Europa

0
NRK.no 

Ford skal kutte 4000 jobbar i Europa dei neste tre åra, melder AFP. Det vil seie at kvar sjuande tilsette må gå.

Grunnen er dårleg sal av elbilar og auka konkurranse.

Dei fleste kutta kjem i Tyskland, der 2900 tilsette skal bort.

I tillegg til å seie opp folk, legg bilprodusenten også opp til å redusere timetalet for tilsette i Köln, der elbilmodellane Capri og Explorer blir laga.