Politiet ønskjer tips i Sula-sakene frå 20|5
To eldre kvinner vart utsett for valdtekt og forsøk på valdtekt i Mauseidvåg i Sula kommune sommaren 2015. Sakene er framleis under etterforsking og politiet ønskjer på nytt tips. Det skriv dei i ei pressemelding.
– Politidistriktet har gjennom desse åra hatt dialog med seksjon for kalde saker (Cold case) i Kripos og vi ønskjer igjen å ta ei ny runde på om nokon kan ha tips som kan bidra til at sakene vert oppklara, seier politiadvokat Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.
Sjølv om åra har gått, har vi fått tips i sakene, og politiet håpar framleis at det kan vere nokon der ute som sit på informasjon som dei ikkje har vore i kontakt med politiet om. Seksuelle overgrep kan vere vanskelege å snakke om.
– Er du usikker på om det er informasjon som er relevant, la politiet vurdere det, er den klare oppmodinga frå politiadvokat Skovly.