Mann tiltalt for valdtekt, vald og fridomsrøving
0
Ein mann i 50-åra er tiltalt for å ha valdteke sin tidlegare sambuar.
Då ho ikkje ville, skal han ha slått henne i ansiktet og sett ei sprøyte med amfetamin på henne for å kunne gjennomføre valdtekta. Ifølgje tiltalevedtaket skal hendinga skal ha skjedd i ein bil mellom Ålesund og Molde.
Han er også tiltalt for å ha låst henne fast med kjettingar inne i ein bustad i Molde i to døgn.
Mannen risikerar meir enn seks år fengsel dersom han blir dømd når rettsaka går i mars neste år.