Arbeidsulykke skjedde på flyterigg
0
Ei arbeidsulykke natt til fredag skjedde på flyteriggen Transocean Spitsbergen, opplyser Gisle Ledel Johannesen i Equinor til NTB.
Hendinga skjedde under transport av flyteriggen, som er på veg til jobb for Equinor.
Dagleg leiar Knut Vavik i Transocean Norge vil førebels ikkje kommentee saka.
To personar blei sende til St. Olavs hospital i Trondheim med ukjent skadegrad.
(Arkivbilete av Transocean Spitsbergen).