Aftenposten: Tidlegare høgsterettsdommar Skoghøy frifunne
0
Den tidlegare høgsterettsdommaren Jens Edvin Skoghøy er frifunne for erstatning etter at han blei saksøkt av ekskona si for ærekrenking, skriv Aftenposten.
I den ferske rettsavgjerda frifinn Oslo tingrett Skoghøy for krav om oppreisningserstatning for ærekrenkande ytringar. Dei meiner det er innanfor ytringsfridomen.
I desember 2022 blei det kjent at Skoghøy meinte han var blitt forgifta. Han meinte den dåverande kona hans stod bak. Ho avviste saka.
Politiet etterforska saka men la bort ho i 2023.