Knivstikkinga på Sandane: Ingen av dei involverte har historikk med politiet
Politiet rykte ut med fleire patruljar då dei fekk melding om knivstikkinga i eit bustadfelt på Sandane i Gloppen seint fredag kveld.
Ein 23 år gamal mann blei sendt til Førde sjukehus med skader. Han var vaken og medviten då mannen blei sendt med ambulanse.
Ein 21 år gamal mann er pågripen og har vore i avhøyr med politiet. Politiet har vore på staden med fleire patruljar gjennom natta, og det har blitt utført undersøkingar og avhøyr av vitne.
Dei to skal ha vore på ei samling i lag med fleire andre fredag kveld.
Politiet vil ikkje kommentera kva den sikta skal ha sagt om bakgrunnen for knivangrepet, eller kva som er relasjonen mellom dei to.
– Av omsyn til etterforskinga vil eg ikkje gå ut med nokre av opplysingane som er kome fram i avhøyr, seier tenestestadsleiar Nils Ove Roset til NRK.
Verken den sikta eller den skadde etter knivstikkinga på Sandane er kjende for politiet frå før, opplyser Roset. Begge er heimehøyrande i Gloppen kommune.
Roset seier at politiet etterforskar saka breitt.