Evakuerte i Årdal får flytte heim
0
Evakuerte i Øvre Årdal får flytte heim igjen, det melder ordførar i Årdal, Christian Sønstlien til NRK.
– Politiet og Hydro energi, med støtte frå NVE, har vore på synfaring og konkludert med at det er trygt å vende tilbake, seier Sønstlien.
I går kveld blei rundt 100 personar evakuert frå bustadane sine.
– Det var veldig dramatisk. På eit tidspunkt tok elva eit nytt leie og gjekk over sine breidder, fortel ordføraren.