Ventar flaumtopp i natt
0
Den verste nedbøren vil komme utover dagen i dag og kvelden. Vassdraga i Vestland er allereie i gang med å vekse og er venta å nå både oransje og raudt nivå.
Flaumtoppen er venta å kome når regnet har roa seg – natt til fredag.
– Basert på modellane vi har no, så trur vi det kjem tidlegast i natt i nokre små felt, då i nordlege delar av varslingsområdet vårt, seier hydrolog Ina Storteig hos NVE.
– Generelt kan vi seie at ein når flaumtoppen tidlegare i dei små vassdraga, og seinare i dei større, held ho fram.