ru24.pro
World News in Norwegian
Октябрь
2024

Haaretz: Soldatar krev at Israel skal jobbe for gisselavtale

0
NRK.no 

I eit brev som er sendt til regjeringa i Israel og stabssjefen i det israelske militæret, IDF, skriv 130 soldatar at dei ikkje vil tenestegjere dersom ikkje regjeringa jobbar for ein avtale om våpenkvile og fangeutveksling, skriv Haaretz.

Dei som har skrive under er reservistar og vernepliktige som blant anna jobbar for artillerikorpset, luftvåpenet og marinen, ifølge avisa.

Rundt 250 personar blei bortført frå Israel av Hamas og andre grupperingar 7. oktober i fjor. Israel trur at rundt 60 av desse framleis kan vere i live på Gazastripa.