ru24.pro
World News in Norwegian
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Barn til sjukehus etter krasj mellom bil og lastebil

0
NRK.no 

Ein personbil og ein lastebil har kollidert front mot front ved Fjordavegen i Naustdal. Det er ein del skader på personbilen og det er førebels ukjend skadetilfang på personane som er involverte, seier vaktleiar i 110 Vest.

Tre personar er involverte. Sjåførane skal vere uskadde, mens eit barn i personbilen er køyrd med ambulanse til sjukehus, melder Vest politidistrikt. Dei kan ikkje seie noko om skadegrad.

Det er mogleg at førar av personbilen ikkje har overhalde vikeplikta. Personbilen kom frå ein sideveg, svinga ut i hovudvegen og kolliderte med lastebilen. Eit køyrefelt er opna og det er manuell dirigering på staden, melder politiet.