ru24.pro
World News in Norwegian
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Markerer eittårsdagen for 7. oktober-terroren

0
NRK.no 

Fleire land markerer at det er eitt år sidan Hamas gjekk til åtak på Israel, drap over 1200 menneske og tok omlag 250 menneske som gislar.

Den israelske presidenten Isaac Herzog innleia dagen med eitt minutts stille på tidspunktet åtaket byrja, skriv nyheitsbyrået AFP.

Familiar med T-skjorter med bilete av sakna personar klemde kvarandre og tok bilete medan trance-songar frå festivalen under åtaket ljoma som ein hyllest til musikkfestivalen.

Nær grensa til Gaza flokka tusenvis av menneske seg i bilar til ei separat seremoni på kibbutz Nir Oz, medan militærposisjonar i nærleiken angreip Gazastripa med kraftige granatar, og helikopter fyrte av mot området og sleppte nødbluss, ifølgje ein AFP-fotograf.

Nir Oz var blant dei hardast ramma samfunna 7. oktober.

– Dei vi elskar, er framleis i fangenskap, sa ein av dei som protesterte ved bustaden til statsminister Benjamin Netanyahu. Dei kravde våpenkvile og tilbakeføring av gislane som framleis er i fangenskap i Gaza.