ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Aukande kampar vest i Sudan

0
NRK.no 

Valden har eskalert i Darfur-regionen vest i Sudan, ifølge FN, melder NTB.

Det er særleg i byen El Fasher nord i Darfur at kampane har auka. Byen er den einaste som ikkje er kontrollert av paramilitære styrkar.

Ifølge FNs fungerande assisterande generalsekretær for humanitære saker, Joyce Msuya, er det allereie svolt i leiren Zamzam, som ligg 15 kilometer utanfor byen.

Det er rundt 500.000 menneske i leiren.

Krigen mellom regjeringsstyrkane og militsen RSF i Sudan starta i fjor vår, og blir sett på som ein maktkamp mellom to av landets mektigaste militære leiarar.