ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Haiti satsar på å halde val innan 2026

0
NRK.no 

Styresmaktene i Haiti sette onsdag ned ein mellombels valkommisjon, melder Reuters.

Målet er at landet skal kunne halde nytt val innan 2026.

Førre val var i 2016.

Det skulle eigenleg ha vore val i 2021, men den spente politiske situasjonen blei forverra då president Jovenel Moïse blei drepen i eit attentat det året.

Saka er framleis under etterforsking.

I tillegg kontrollerer væpna gjengar store delar av landet.