Tidlegare BBC-reporter dømt for overgrepsbilete
0
Den tidlegare BBC-nyheitsopplesaren Huw Edwards er dømt til seks månadar vilkårsbunde fengsel for overgrepsbilete av barn, med prøvetid på to år. Det betyr at han slepp fengsel dersom han ikkje gjer nye lovbrot på dei to åra.
I juli innrømte Edwards til retten at han har laga uanstendige bilete av barn, knytt til 41 ulovlege bilete han fekk tilsendt via meldingstenesta WhatsApp.
Han blei arrestert i november i fjor, og slutta i BBC i april.