ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Trafikkulykke på E134 i Ullensvang

0
NRK.no 

Det har vore ei trafikkulykke på Europaveg 134 Jøsendal i Ullensvang. Det er manuell dirigering på staden og trafikken flyt relativt greitt forbi, melder trafikkoperatør Stein Nestås.

Totalt åtte personar er involverte, fem i ein bil og tre i den andre. Det er ein personbil med campingvogn og ein personbil som har vore innblanda i ulykka.

Alle involverte er vakne og medvitne.

– Det er ei skakande oppleving for dei involverte, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Politiet er framme på staden cirka klokka 13.15. Nokre minutt seinare er også to ambulansar på staden. Bilbergar har starta å fjerne køyretøya.

– Ingen av bilane er køyrbare og det er store materielle skadar på bilane, seier Knappen.

Politiet seier at det ikkje per no ser ut til at nokon er alvorleg fysisk skadd.

E134 er ein trafikkert veg som bind aust og vest saman over Haukelifjell og blir mykje brukt av mellom anna hyttefolk og dei som reiser aust-vest frå Haugesundsområdet/Haugalandet. Ulykka har skjedd der riksveg 13 og E134 møtast.