ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Ras sperrar fylkesveg i Sogndal

0
NRK.no 

Politiet har rykt ut etter melding om eit steinras over fylkesveg 5615 Fimreitevegen i Sogndal. Det skal ha gått ved Klingebergodden.

– Melder observerte raset, observerte ikkje at personar, køyretøy eller bygningar vart tekne, melder politiet.

Det er fare for nye ras og politiet oppmodar folk om å halde seg unna det rasutsette området.

Vegen er stengd. Cirka klokka 13.15 er politiet på staden.

– Det er sjølvsagt kjedeleg for dei som bur der at dei ikkje kjem seg innover, men entreprenør er no på veg og må gjere si vurdering, seier trafikkoperatør Stein Nestås til NRK like etter klokka 13.15.