Sentral-Europa førebur seg på flaum
0
Det er venta store mengder nedbør i Austerrike, Polen og Tsjekkia dei komande dagane.
Enkelte stader er det venta opp mot 400 liter vatn per kvadratmeter, skriv AFP.
Hæren i Austerrike er klar til å senda ut 1000 soldatar om nødvendig, skriv BBC.
I Praha set brannvesenet opp flaumvern som skal hindra elva som renn igjennom byen å fløyma over.