ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024

Helseplattformen har kosta nærare 350 millionar kroner

0
NRK.no 

Helse Møre og Romsdal hadde eit meirforbuk i august på 39,4 millionar kroner i forhold til resultatkrava. Det går fram av ein rapport til styremøtet onsdag i neste veke.

Meirforbruket er i stor grad knytt til innføringa av Helseplattformen, skriv administrasjonen i rapporten. Samla er det estimert at dei økonomiske konsekvensane av innføringa av Helseplattformen er i underkant av 350 millionar.

Helseføretaket styrer mot eit meirforbuk på en halv milliard kroner i 2024. For at prognosen ikkje skal forverrast ytterlegare må ein lukkast med omstilling slik at Helse Møre og Romsdal held budsjettet resten av året, skriv administrasjonen.