ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024

Dagbladet: Sikta for drapsforsøk etter Ammerud-skytinga

0
NRK.no 

– Tre personar er arresterte og sikta for drapsforsøk.

Det seier politiadvokat Anne Cathrine Aga i Oslo politidistrikt til Dagbladet.

Fredag 2. august rykte politiet i Oslo ut etter melding om skot på Ammerud i Groruddalen. Vitne fortalde om minst 4 til 5 skot.

To av dei sikta skal framstillast for varetektsfengsling fredag, og den siste av dei sikta skal framstillast laurdag, seier politiadvokat Aga til Dagbladet.

Forsvararen for ein av dei sikta, Usama Ahmad, seier at klienten hans ikkje har teke stilling til straffskuld.

– Han har ikkje forklart seg enno, seier Ahmad til avisa.