ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Funn av død person i Rauma - knytast til savnetsak frå i fjor sommar

0
NRK.no 

Tysdag ettermiddag vart det funne ein død person i fjellområdet Romsdalsegga i i Rauma kommune. Funnet vart gjort i samband med dronesøk etter den spanske, 75-år gamle kvinna som vart meldt sakna etter fottur på Romsdalseggen i juli i fjor.

– Vi har grunn til å tru at det er den sakna kvinna vi har funne ved hjelp av drone, men kan ikkje stadfeste dette før personen er henta ut frå området og sikker identifikasjon er gjort, seier politistasjonssjef i Rauma og Vestnes, Roar Mordal Hilde.

Funnet er gjort i ei bratt fjellside og staden er så langt berre undersøkt ved hjelp av drone. Lokalt politi er i gang med å legge ein plan for å hente ut den døde. Dette skal skje så snart vêr og forhold tillèt det.

Pårørande i Spania er varsla.