Drap kvinne med sverd – erkjenner straffskuld
0
Mannen som er tiltalt for å ha drepe ei kvinne på Byåsen i april i fjor, sa seg skuldig då rettssaka starta i retten tysdag.
Tiltalte i 20-åra og den drepne kvinna var bekjente. Dei budde i same blokka på Byåsen, opplyste aktor i innleiinga si for retten tysdag.
Kvinna var på besøk hos tiltalte då ho vart drepen.
I følgje tiltalen hogg mannen kvinna fire gonger i hovudet med eit sverd slik at ho døydde.