ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Mannen mistenkt for drap på maratonløpar døde sjølv

0
NRK.no 

Mannen som er mistenkt for drapet den ugandiske maratonløpar Rebecca Cheptegei i Kenya førre veke er no sjølv død.

Det opplyser sjukehuset til avisa The Star.

Cheptegei, som var med i OL i Paris i sommar, blei dynka i brennbar væske av kjærasten, som så tende på. Ho omkom eit par dagar etter av skadane, og drapet har blitt fordømd i heile verda.

Kjærasten fekk sjølv store brannskadar, og er no altså sjølv død.

Cheptegei skal etter planen gravleggast i heimlandet Uganda til helga.