ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024

Trafikkulukke med bil og buss på Voss

0
NRK.no 

110-sentralen i Vest melder om ei trafikkulukke på riksveg 13 i krysset ved Hardangervegen og Fennavegen på Voss med ein buss og ein personbil.

– Det er 14 personar i bussen som framstår som oppegåande, og ein må få utvida helsehjelp, seier vaktkommandør Helge Lund til NRK.

Vest politidistrikt opplyser at bussen har køyrd i bilen bakfrå. Det var berre ei kvinne i bilen, som skal ha vore medvitslaus, før ho var vaken. Ho blir sendt til sjukehus med ambulanse. Det er ikkje meldt nokon skade på kvinna, melder politiet klokka 18.38.

Ingen andre er skadd i hendinga. Både bussen og bilen står i vegbana. I 18.40-tida melder politiet at vegen er stengt, og at det vil bli manuell dirigering i det eine feltet etter kvart.