ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024

Märtha og Durek møtte pressen for fyrste gong sidan bryllaupet

0
NRK.no 

Måndag kveld møtte prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett pressen i premierefesten til den norske Netflix-serien «Milliardærøya».

Paret var tause om fleire spørsmål frå pressa. Prinsessa ville ikkje svare på sal av eiga merkevare eller rundt ei NRK-måling som viser at sju av ti nordmenn meiner at ho bør miste prinsessetittelen.

Dei ville heller ikkje kommentere kva for planar dei har for bryllaupsreisa.

Det har gått litt over ei veke sidan det storslåtte bryllaupet i Geiranger. Bryllaupet vil mest sannsynleg vere noko av det den kommande Netflix-dokumentaren om paret vil dekkje.

– Vi gler oss til å vise vår side av historia og dele vår kjærleikshistorie, sa Märtha Louise.