ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Fengsla etter etterlysing og kollisjonar

0
NRK.no 

Ein bergensk mann i 40-åra blei natt til fredag arrestert av politiet etter fleire kollisjonar på E16 på veg mot Oslo.

Mannen var nasjonalt etterlyst av politiet frå før.

– Mannen har blitt forsøkt pådømt tre gonger for ei grov narkotikasak frå 2022, som gjeld oppbevaring av heroin, seier Sylvia Myklebust som er seksjonsleiar påtale på organisert kriminalitet.

– Sikta møtte ikkje møtte i retten. No er han pågripen etter ein kollisjon der det var rus involvert, seier ho.

Politiet fekk stansa bilen i Bærum, etter at den kolliderte med ein lastebil til ved Brennenga ved Sollihøgda.

Det blei skote med elektrosjokkvåpen då mannen prøvde å stikke av, medan passasjeren blei pågripen etter at politiet brukte peparspray.

Mannen blei køyrd i arresten i Drammen, og blei framstilt for varetektsfengsling via videolenke til Hordaland tingrett.

– I praksis ligg mengda heroin på pluss tre års fengsel, seier Myklebust til NRK.

Mannen er fengsla til 4. november, når rettssaka er planlagt å starte, ifølge Bergens Tidende.

Forsvarar for mannen var advokatfullmektig Henrik Rynning Sjåmo.