ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Naudetatar har rykt ut til overtent garasje på Ålgård

0
NRK.no 

Politiet er i Sandnesveien på Ålgård etter melding om brann i ein garasje.

– Det er mykje røyk i området som følge av brannen. Bebuarar i nærleiken blir bedt om å lukke vindauge og ventilar, skriv operasjonsleiar Roger Litlatun i politiet rett over klokka 21.

Det er overtenning i garasjen, der det skal vere fleire bilar og motorsyklar. Mannskap frå Ålgård og Sandnes er på staden og driv med sløkningarbeid.

Roger Litlatun i politiet seier det truleg er snakk om ein næringseigedom, ikkje ein privat garasje.

– Det er sannsynlegvis ein næringsgarasje. Det er i sentrum, men eg er ikkje sikker, seier Litlatun til NRK.

Det skal ikkje vere personar i bygget. Litt før klokka 21.24 melder politiet at det framleis er opne flammar.

Det var publikum som først meldte frå om brannen.

Vegen vil bli stengt mellom rundkøyringa Bruhammaren/E39 Sandnesveien og rundkøyringa Solåsveien/E39 Sandnesveien på grunn av brannen.