135 politiske fangar sette fri i Nicaragua
0
Det kvite hus opplyser at USA har sikra at 135 politiske fangar er sette fri frå fengsel i Nicaragua, melder AFP.
Fangane skal få opphald i Guatemala, ifølge fråsegna.
Blant fangane er det medlemmar av trussamfunn, studentar og andre som regjeringa i Nicaragua har rekna som ein trussel, ifølge amerikanske styresmakter.