ru24.pro
World News in Norwegian
Сентябрь
2024

CDU i Sachsen trur på avtale med parti på venstrefløya

0
NRK.no 

Leiaren i det kristendemokratiske partiet CDU i Sachsen, Michael Kretschner, trur dei kan få til ein avtale med venstrepartiet BSW, skriv NTB.

Men partiet er ikkje favorittpartnaren til CDU.

– Det vil ikkje vere lett. Det vil garantert ta tid, mend et er mogeleg, seier Kretschner.

Det høgreradikale partiet Alternativ for Tyskland (AfD) fekk 30,6 prosent av stemmene i delstatsvalet i Sachsen søndag, like bak CDU.

Ingen av partia ønsker å samarbeide med AfD, som blir overvaka av den tyske etterretningstenesta og er klassifisert som høgreekstremt av tyske styresmakter.