ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

175 togpassasjerar står fast på Bergensbanen

0
NRK.no 

Ein straumfeil vest for Voss – mellom Bulken og Evanger – omlag sidan klokka 20 gjer at 175 passasjerar ikkje kjem vidare mot Bergen.

Ettermiddagstoget frå Oslo står på Voss med 100 passasjerar, og eit lokaltog som gjekk frå Voss 19.51 står fast der straumfeilen er.

Pressevakt Olav Nordli i Bane Nor seier til NRK klokka 21.30 at eit arbeidstog og personell snart er framme ved det straumlause lokaltoget,– Håpet er at toget kan dyttast tilbake til Bulken. Så får ein vurdert situasjonen og behovet for alternativ transport, seier han.

Kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, seier at dei berre har klart å skaffe to maxitaxiar.

– Det er nesten umogleg å finna alternativ transport i kveld. Vi har førebels berre 35 plassar for dei 100 som ventar på Voss.

For dei 75 som sit fast i lokaltoget, har han inga løysing klar.

Han har heller inga løysing for det andre ettermiddagstoget frå Oslo som skulle passert Voss klokka 22.05, eller for to andre lokaltog Myrdal-Bergen i kveld.

For folk som har planlagt togtur er rådet hans:

– Følg med i Vy-appen, og ikkje reis akkurat nå viss du ikkje må.

Han opplyser at toga mellom Bergen og Dale går.