Redningsaksjon i Austevoll – ein person meldt sakna
0
Det går føre seg ein redningsaksjon i Austevoll, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.
Politiet koordinerer aksjonen, som går føre seg nord for ferjekaien på Hufthamar.
Brannbåt med dykkarar, lokalt brannvesen, helseressursar, kystvakt og politi deltar i søket.
Ein mann er blitt meldt sakna.
– Mannen skal ikkje ha blitt sett sidan i føremiddag. Han blei meldt sakna rundt klokka 16.35, seier Rebnord til BA.