Straumen i ferd med å vende tilbake i Venezuela
0
Straumen er i ferd med å komme tilbake etter at store delar blei mørklagd fredag, melder Reuters.
Innanriksminister Diosdado Cabello seier til ein statleg TV-kanal at straumen kjem først tilbake i hovudstaden Caracas, og etter kvart til heile landet.
Regjeringa sa fredag at dei meinte straumbrotet var ein sabotasje. Også i 2019 skulda dei på sabotasje då det var tre landsomfattande straumbrot.